Ratatosk

I norrøn mytologi sprang det frekke og nysgjerrige ekornet Ratatosk opp og ned i verdstreet Yggdrasil med bodskap mellom ormen ved røtene og ørna i toppen. Denne gongen er det familietreet Ratatosk snokar i. Med Søsken tek litteraturtidsskriftet Ratatosk steget over i bokform (med utgjeving på Samlaget, september 2011). Denne utgjevinga er den åttande i rekkja sidan oppstarten i 2005. Ratatoskredaksjonen består av søskenpara Kjersti og Ingrid Rognes Solbu og Guri og Sigrid Sørumgård Botheim. Da vi skulle bestemme tema denne gongen, sa det seg sjølv. Det måtte bli SØSKEN.

Om antologien Søsken: Søskenforhold er eit grunnmotiv i litteratur og kunst, eit motiv som er nært knytt til store tema som kjærleik, sjalusi, tilhøyring og identitet. Boka Søsken inneheld nyskrive skjønnlitteratur med søskentematikk og essay om søskenforhold i litteraturen. Antologien undersøkjer òg søskenskapet frå andre perspektiv: personleg, etymologisk, naturvitskapleg og visuelt. Intervjuserien ”I søskenskapet” gjev eit ærleg og kjærleg innblikk i søskenrelasjonane til 12 ulike personar med høgst ulike søskenflokkar.